Høgtideleg minnestund i regi av Ørsta RK - ved minnesmerke etter australske flygarar som angreip tyske båtar under krigen
   
Bakgrunnen

Dei to siste krigsåra fekk Tyskland eit akutt behov for å overføre forsyningar til kontinentet. Alle eigna farty vart sette inn i denne transporten. Konvoyane siglde om natta og gøymde seg i dei norske fjordane om dagen. Dei allierte sette då inn fly for å stanse denne transporten. Det australske flyvåpenet, RAAF, var også med på dette, og det kom til å koste mykje; mange unge menn miste livet. Den 5. desember 1944 låg to tyske lasteskip (”Albert Janus” og ”Radbod”) og ein

 

vaktbåt i Ørstafjorden då dei vart angripne av allierte fly med m.a. australsk mannskap. Under dette åtaket vart eit fly skote ned, og flygaren Austin Hakevill og navigatøren Fredric Gordon Sides, begge frå Australia, miste livet. I 1947 kom foreldre og søster til Sides til Ørsta, og dei fekk då reist ei minnestøtte over dei to falne på Lianeset i Ørsta. Det har etter kvart vorte ein tradisjon å halde ein seremoni ved denne støtta kvar 17. mai. Norske Reserveoffiserers Forenings (NROF) medlemer i Ørsta/Volda står for seremonien, og folk møter for å heidre dei falne.

 

Familien

Australiaren Neil R. Smith var skvadronleiar under åtaket. Han vitja Ørsta fyrste gongen 17. mai 2001. Seinare kom han tilbake i 2003 for å vere med på markeringa ved bautaen. Trass i alvorleg sjukdom planla han å kome att i 2004, men dessverre rakk han ikkje det; han døydde i november 2003. Men ei av døtrene, Shellie Peardon, kom saman med dotterdotter og hennar ektemann i tillegg til James Hakevill, nevø til den omkomne flygaren James Austin Hakevill. Ein ekstra grunn til at så mange kom i år, var at det skulle avdukast ei minnetavle over

Neil R. Smith.

 


Bilder frå 17 mai 2010